Toyota Sogn - 35 år i 2017!

0

Toyota Sogn AS - din bilforhandlar i Sogn sidan 1982

Tida flyr - og me kan i 2017 feire 35 år som autorisert bilforhandlar i Sogn.

I mars i år var det 35 år sidan me leverte vår første Toyota i Sogn. Det starta i 1982 med Arne Ness, Norvald Kvam og Inge Ness som etablerte ANI bil AS – autorisert Toyota-forhandlar for Indre Sogn. Med dyktige kollegaer på laget utvikla ANI bil AS seg raskt til å bli ei veletablert bilbedrift i Sogn. I 1997 flytta me inn i nye, framtidsretta lokaler langs RV 5 på Kaupanger. I 2008 skifta me namn til Toyota Sogn AS, men med samme gjengen og med lokalt eigarskap og lokalt engasjement i fokus. I dag har Toyota Sogn AS 21 tilsette og har ei omsetnad på om lag 90 millionar. Det har vore ei fin reise med verdas leiande bilprodusent - Toyota - på laget. Ikkje berre sel me kring 300 nye og brukte bilar årleg, men me har òg ein topp moderne verkstad med dyktige fagfolk. I tillegg driftar me bilberging og Hertz bilutleige, og har 15 kollegaer på Skadesenteret Sogn AS i samme hus på Kaupanger. I 2011 vart Bilhuset Førde ein del av konsernet, ein autorisert Peugeot og Mercedes forhandlar i Sogn og Fjordane med 16 tilsette. Totalt i desse selskapa er me over 50 tilsette og sel nærare 600 bilar i året.

Jubileumet vert feira med gode tilbod på nye Toyota i heile 2017 - spør oss for gjeldande kampanjar! Interessert i Hybrid SUV - sjekk jubileumskampanjen her!

Med beste helsing oss på Toyota Sogn

Bilde av bygget er frå Damekveld Toyota 2017 som vart arrangert fredag 10. mars. 220 gjester kosa seg denne kvelden med moteshow, tapas og underhaldning frå bl.a. Sigrid Moldestad.