Samfunnet er i ein alvorleg situasjon, og opptrappinga av nasjonale tiltak mot spreiing av Korona-viruset påverkar oss alle. Me er vårt ansvar bevisst og skal bidra til å avgrense spreiinga av viruset. Me er definert som ei samfunnskritisk bedrift, og vil uansett halde ope som beredskap innan både bilverkstad, bilberging og bilutleige så lenge det lar seg gjere.

Me på Toyota Sogn har gjort ei rekke tiltak for å redusere smittefare både for kundar og tilsette. Me har innført tiltak for at du trygt skal kunne levere og hente bilen din på verkstaden, overta din nye bil eller prøvekøyre ein ny eller brukt bil.

Dømer på nokre smittetiltak for å verne både tilsette og kundar:
- Bruk av eingongshanskar
- Desinfiserer nøklar verkstad og salsavd.
- Utvida reingjering og bruk av antibakterie
- Fleire spreidde sitteplassar i lokalet
- Generelle hygienetiltak
- Kontaktfri service og betaling etter avtale – ring 57676666

Tryggleik for våre tilsette, kundar og samarbeidspartnarar er det viktigaste for oss. Heile organisasjonen er fortløpande oppdatert og følgjer helsemyndigheitenes råd og retningslinjer knytt til hygiene, reising og heimekarantene.

Om du vil ha utført tenester eller har spørsmål til oss, men er bekymra for direkte kontakt, ta kontakt med oss på tlf 57 67 66 66 eller post@kaupanger.toyota.no så finn me løysingar.

Naturleg nok vil me ha litt redusert aktivitet i tida framover, men set pris på om du tek kontakt om det er behov for service, PKK, hjulskift eller om du er nysgjerrig på ein ny eller brukt bil. Vårt bilvaskeanlegg er ope døgnet rundt.

Vårt mål er at du som kunde skal ha gode kundeopplevingar hjå oss. Me lovar deg eit hyggeleg smil, men ber om forståing for at me unngår handhelsing og held litt ekstra avstand for å avgrense smittespreiing.

Helsing oss på Toyota Sogn AS