OM TOYOTA SOGN

Våre forretningsområder

  1. Sal av Toyota
  2. Sal av brukte bilar alle merker
  3. Bilverkstad alle merke - MECA
  4. Bilberging - VIKING og NAF
  5. Bilutleige - HERTZ
  6. Dekkhotell og dekksal
  7. Barnesikring i bil m.m.

Din totale billeverandør:

Toyota Sogn er ein autorisert Toyota-forhandlar som er del av ANI Gruppen som også eig Bilhuset Førde AS og har agentur på Hertz bilutleige i Sogn og Sunnfjord. Bilhuset Førde har agentur på Mercedes og Peugeot. Toyota Sogn starta som ANI bil i 1982, og har sidan den gang hatt eit tidsrett bilanlegg på Kaupanger. Fleire tusen kundar har valt å handle bil hjå oss, og det er vi stolte av. Vi skal vere eit trygt val, og vårt viktigaste motto er at kundane skal ha eit trygt og bekymringsfritt bilhald. Vi er ein komplett billeverandør, og har ein topp moderne verkstad med dyktige fagfolk. Skal du ha vedlikehald eller reparasjon på din Toyota, gjer du eit trygt val med å komme til oss. Det er vi som kan Toyota. Toyota Sogn er også eit MECA verkstad. Med fokus på kompetanse og kvalitet tek vi også vedlikehald, reparasjonar og PKK(EU-kontroll) på andre merker. Innan deler og utstyr leverar vi slitedeler til alle merke, samt eit godt utval av bilrekvisita i vår butikk innan t.d barnesikring, skiboksar m.m.

Marknadsposisjon

Vi takkar alle våre kundar i Sogn for at Toyota gjer det meget godt i vårt distrikt. Med ein marknadsandel på 20-25% over mange år, er Toyota blant dei aller største bilmerka i Sogn. Toyota Sogn er òg blant dei Toyota-forhandlarane som har høgst marknadsandel i heile Norge. Toyota leverar kvalitetsprodukt over heile linja både mot privatmarkedet og mot næringslivet. Moderne og trygge bilar med meget god driftstryggleik er kjenneteiknet. Det er ikkje utan grunn at Toyota er verdas leiande bilprodusent, og det vert investert mykje for å fortsatt kunne vere fremst både i teknologi og på miljøvenlege løysingar.

Historie

I 1982 leverte Toyota Sogn AS (tidl. ANI bil AS) sin første Toyota i Sogn. Selskapet vart skipa i 1981 av Arne Ness, Norvald Kvam og Inge Ness, og fram til 1997 holdt vi til inne på industriområdet på Kaupanger. I 1997 flytta vi inn i eit nytt og komplett bilanlegg langs riksvegen på Kaupanger, eit bilanlegg på ca 3.500m2 som vi deler med Skadesenteret Sogn AS. I 2014 feira vi opning av ny butikk, der det er gjort store endringar både innvendig og utvendig. Bygget framstår som moderne, og står i stil med dei flotte modellane som Toyota har.

Frå oppstarten til i dag har vi utvikla oss mykje, og er i dag over 20 tilsette på Kaupanger. Takka vere dyktige medarbeidarar og nøgde kundar framstår Toyota Sogn i dag som ei av dei større bilforretningane i Sogn. Anlegget er fortsatt moderne og romsleg nok til vårt mål om fortsatt positiv utvikling og vekst.

Miljø

Toyota Sogn er sertifisert miljøfyrtårn. Vi har eit aktivt miljøarbeid i bedrifta, og det er eit mål for bedrifta at tilsette skal ha kunnskap om våre miljøpåverknader og at alle tilsette skal vera motiverte og ha eigarskap til bedriftas miljøfokus.

Samfunnsansvar

Vår tillit i marknaden har òg gitt oss høve til å sponse fleire lag og organisasjonar. Det er viktig at vi som bedrift ser heilheitleg på samfunnet rundt oss og at samfunnet satsar tilstrekkjeleg på lokal næringsutvikling og stør opp om eksisterande verksemder på alle nivå.

Det var kort om oss.

Velkommen til oss på Kaupanger for ein hyggeleg bilprat!