Med stor aktivitet søkjer vi bilmekanikar og/eller bilteknikar til laget vårt. Om du er interessert i å køyre bilberging og har klasse C er det også av interesse. Vi har varierte oppgåver og har i tillegg til Toyota mange andre merker som er innom vårt verkstad for vedlikehold og reparasjon. Vår verkstad utfører service og reparasjoner på alle merker,. I mange år har vi samarbeida med Bilhuset Førde om Mercedes service, og har service på Suzuki båtmotor. Du må trives i eit hektisk og godt arbeidsmiljø der vi saman ønskjer å skape gode kundeopplevingar.
Bedriften har bilberging for Viking og SOS om du er kvalifisert og det kan være av interesse.
Eigenskapar og kvalifikasjonar:
Serviceinnstilt og positiv lagspelar
Kvalitetsbevisst og gode samarbeidsevner
Fleksibel og løysingsorientert
Initiativrik og ansvarsfull
Fagbrev bilmekanikar – gjerne interesse i feilsøking og elektro
Vi tilbyr opplæring, utfordringar, gode vilkår, samt ein spennande kvardag der du jobbar med gode kollegaer og sterke merkevarer.
Høyres det bra ut? Søk då vel!
Søknad med CV sendes til e-post: tan@kaupanger.toyota.no. Evt. Spørsmål om stillinga kan rettast til Øystein Ruud på tlf 951 86 888 eller Tor Arne Ness på tlf 908 39 860.
Toyota Sogn AS er ein autorisert Toyota-forhandlar som dekkjer heile Indre Sogn. Me held til på Kaupanger i Sogndal kommune, og har totalt 20 tilsette. Midt i Vestlandets flotte natur og tett på urbane Sogndal kan du ha det fint både på jobb og fritida. Toyota Sogn AS starta opp i 1982, og framstår i dag som ein solid og moderne bilforhandlar som representerar ein av verdas leiande bilmerker.